Ein stiftelse er ei selskapsform. Les meir om krav til styresamansetning, dagleg leiar og andre myndigheiter eller organ gitt i vedtektene.

Styret

Alle stiftelsar må ha eit styre. Styret er stiftelsens øvste organ og skal leie stiftelsen i tråd med vedtektene.

Vedtektene skal oppgi tal styremedlemmar i stiftelsen. Opprettar av stiftelsen vel i utgangspunktet fritt tal styremedlemmar og varamedlemmar.

I stiftelsar med grunnkapital på tre millionar kroner eller meir, må det vere minst tre styremedlemmar.

Den som har oppretta stiftelsen kan sjølv sitte i styret, men den eller dei som har gitt grunnkapital kan ikkje utgjere heile styret.

Les meir om styrearbeid her.

Dagleg leiar

Stiftelsar kan ha dagleg leiar. Det er styret som bestemmer om stiftelsen skal ha ein dagleg leiar dersom vedtektene ikkje seier noko anna.

Næringsdrivande stiftelsar med ein grunnkapital på tre millionar kroner eller meir, skal ha dagleg leiar. I slike stiftelsar kan ikkje dagleg leiar veljast til styreleiar.

Kan stiftelsen gi myndigheit til andre enn styret?

Styret er det einaste organet som lova krev. Som øvste organ har styret i utgangspunktet all myndigheit og alt ansvar i stiftelsen. Vedtektene kan likevel gi myndigheit til andre enn styret.

Vedtektene kan gi følgande myndigheit til eitt eller fleire andre organ enn styret:

  • å velje styremedlemmar og til å avsette styremedlemmar når vilkåra i stiftelseslova § 29 andre ledd er til stades. Dette gjeld likevel ikkje styremedlem som skal veljast eller er valt av dei tilsette.
  • å fastsette styremedlemmanes godtgjersle
  • å føre tilsyn med stiftelsens verksemd
  • å gi uttale om årsrekneskapet og årsberetninga
  • å beslutte granskning
  • å velje stiftelsens revisor
  • å beslutte omdanning av stiftelsen etter forslag frå styret

Slik myndigheit kan gis til eit eige årsmøte eller representantskap eller liknande.  Einaste unnatak er at myndigheit til å beslutte omdanning ikkje kan gis til opprettar av stiftelsen.

Eit praktisk eksempel på andre organ er årsmøte, representantskap eller liknande. Eit årsmøte i ei foreining, eit kommunestyre eller ein privatperson som vel styremedlemmar til stiftelsens styre.

All anna myndigheit enn punkta over må bli vereade i styret. Vedtektene og styret kan også bestemme at stiftelsen skal ha eit saksførebuande, rådgjevande eller besluttande organ innanfor andre område, men slike organ vil fullt ut vere underlagt styrets omgjerings- og instruksjonsmyndigheit.