Deling av stiftelse
Deling av stiftelse må godkjennast av Stiftelsestilsynet. Deling blir rekna som omdanning, og det er difor reglane i kapittel 6 av stiftelsesloven som gjeld.
Eit vedtak om deling kan gå ut på at ein stiftelse skal delast i to eller fleire nye stiftelsar (deling for nyoppretting), eller at ein eller fleire eksisterande stiftelsar tek over det som skal delast (deling for sammenslåing). Delingsvedtaket skal opplyse om korleis stiftelsen sine eigedelar, rettighetier og plikter skal fordelast mellom dei stiftelsane som tek del i delinga.
For deling gjeld saksgang og reglar om sammenslåing tilsvarande.
Dersom det ved delinga skal opprettast ein ny stiftelse, må dette gjerast før delinga kan registrerast. Du finn mer informasjon om dette under Opprett ny stiftelse.
Sjå hjelpeskjema/malar for nødvendige vedlegg til søknad om deling av stiftelse.
Send søknad til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no eller til Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.
Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.