Avvikling av ein stiftelse blir også kalla oppheving. Resultatet av prosessen er at stiftelsen sluttar å eksistere som eige rettssubjekt, og at den blir sletta både frå Stiftelsesregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Dersom stiftelsen er insolvent, kan ikkje Stiftelsestilsynet vedta oppheving. Stiftelsen må då skriftleg setje fram krav om oppbod for tingretten.

All avvikling av stiftelsar må godkjennast av Stiftelsestilsynet. Avvikling blir rekna som omdanning, og det er difor reglane i stiftelseslova kapittel 6 som gjeld.

  • Sjå hjelpeskjema/malar for oversikt over nødvendige vedlegg til søknad om avvikling av stiftelsar.
  • Bruk knappen under for å  søkje om avvikling via Altinn, men merk følgjande:
    • Når du i Altinn får spørsmål om «Kva ønskjer du å gjere?», må du velge feltet «Endre eller legge til nye opplysningar», og deretter «Søknad om oppheving».
Søk om avvikling (via Altinn)

Dersom du ikkje har tilgang til Altinn, kan du framleis sende søknad til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Avviklingsstyret

Når det er gjort vedtak om avvikling, skal Stiftelsestilsynet velje eit avviklingsstyre for stiftelsen. Stiftelsen skal foreslå medlemmer til avviklingsstyret. Dei kan f.eks. foreslå det sitjande styret. Det må gå fram kven som skal vere styreleiar. Dette har sammenheng med at eventuelle kreditorar skal melde krav o.l. til leiaren for avviklingsstyret.

Den videre saksgangen er slik:

  1. Når det er gjort vedtak om avvikling, skal Stiftelsestilsynet som hovudregel kunngjere vedtaket.
  2. Eventuelle kreditorar får ein frist på seks veker frå første kunngjeringsdato til å melde krav mot stiftelsen.
  3. Når kreditorfristen er ute, må avviklingsstyret lage ein revidert avviklingsrekneskap og sende den til Stiftelsestilsynet. Her finn du eksempel på korleis avviklingsrekneskapen kan settast opp.
    Alle eigedelar skal gjerast om i pengar så langt dette er nødvendig for å dekke stiftelsen sine forpliktingar. Dei midlane som blir igjen etter at kreditorane har fått dekka sine krav, skal delast ut slik styret var samde om då dei gjorde vedtak om avvikling. Det skal gå fram av den reviderte avviklingsrekneskapen at alle eigedelane er utdelt og at alle skyldnadene er gjort opp. Det skal og gå fram av avviklingsrekneskapen at mottakarane av utdelingane er i tråd med styret sitt vedtak.

Tips: Avviklingsstyrets oppgåver går fram av stiftelseslova § 52.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.