Lotteritilsynet inviterer til presentasjon av befolkningsundersøkinga: Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2015.

Dato/stad: Torsdag 9. juni kl. 09.30, Kulturhuset på Youngstorget i Oslo.

Oppdatert 9. juni: Sjå nyheitsinnlegg frå pressemøtet.

Lotteritilsynet offentliggjer 9. juni ei ny befolkningsundersøking om pengespelproblem og dataspelproblem i den norske befolkninga. Det er Universitetet i Bergen som har gjennomført undersøkinga og hovudmotivet har vore å få oppdatert kunnskap om utviklinga vedrørande pengespelproblem i Norge to år etter Norsk Tipping lanserte sine Instaspel. Undersøkinga er også gjennomført to år etter den forrige befolkningsundersøkinga om omfanget av speleproblem i Norge.

Det er leiar for Lotteritilsynet, Atle Hamar, som vil presentere hovedfunna i den nye befolkningsundersøkinga. Han vil også legge vekt på den ulovlege marknadsføringa av dei utanlandske spelselskapa og konsekvensane av dette, som speleavhengigheit. Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland vil vere til stades.

Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2015

Rapport frå UiB: Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2015

Vi håpar de har anledning til å delta. Dørene opnar kl. 09:00. Vi startar kl. 09.30 og vi er ferdig seinast kl. 10:30. Vi delar ut undersøkinga gjort av Universitetet i Bergen på pressemøtet, slik at de får høve til å sjå nærare på talgrunnlaget og analysene. Atle Hamar vil vere tilgjengelig for intervju og vi vil ha ein fotograf på staden som kan oversende bilder til dykk om ønskjeleg. Til info vil det vere fleire fagpersonar involvert når vi legg fram befolkningsundersøkinga.

 

Det blir tilrettelagt for media, samt fagmiljø som arbeider med speleavhengigheit, barn og unge.

For spørsmål om undersøkinga og anna, ta kontakt med kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle på telefon 992 84 302 eller epost amh@lottstift.prod.dekodes.no.

Meld deg på no eller seinast innan 6. juni.

Klikk for Påmelding (Questback)