Drifts- og vedlikehaldskostnader på utleigd eigedom (rettleiing 4)
Dersom ein organisasjon disponerer eit bygg, anlegg eller eigedom som er til utleige, skal organisasjonen gjere frådrag for kostnader knytt til utleige og utleigeobjektet. Dette gjeld og ved framleige/vidareutleige, samt ved utleige til andre ledd eller aksjeselskap i same organisasjon.
Frådraget kan bereknast på fleire måtar, for eksempel på bakgrunn av størrelsen på det utleigde arealet, tal utleigedagar eller inntekter. Det viktige er å finne eit estimat som reflekterer dei faktiske forholda på ein god måte.
Nokre eksempel:
- Ein frivillig organisasjon eig eit bygg, der eine halvdelen blir nytta av organisasjonen sjølv og den andre leigd ut. Den frivillige organisasjonen dekker alle kostnader til drift- og vedlikehald av sjølve bygget. I dette tilfellet skal halvparten av alle drifts- og vedlikehaldskostnader knytt til bygget trekkast ut av søknadsgrunnlaget.
- Eit grendelag leiger ut grendahuset til konfirmasjonar, bryllaup og andre tilstellingar. Grendelaget må gjere frådrag for kostnader knytt til dei utleigde lokala. De kan bruke skjønn i vurderinga, men hugs å ta omsyn til vedlikehaldskostnader, straum, kommunale avgifter, reinhald osv. Dersom de har heilt sporadisk utleige til enkeltarrangement, kan de sjå vekk i frå dette frådraget.