Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Søknadsfristen var 1. september 2021.

Søknadsåret 2021

Løyvinga har auka med 120 millionar. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal dermed fordele 1,8 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2020 er grunnlaget for søknaden i 2021.

Det er to endringar i forskrifta gjeldande frå søknadsåret 2021:

  • Det er ikkje lenger eit krav at søkjar skal ha oppdaterte vedtekter i Frivilligregisteret. Men ifølge høyringsnotat skal vi gjerast  merksam på endringane dersom desse kan ha betydning for utfallet av søknaden (§ 6).
  • Frivillige organisasjonar med ei kobling til Den norske kyrkja kan frå 2021 motta midlar frå meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar dersom dei er registrert i Frivilligregisteret, ikkje inngår i den fylkeskommunale og kommunale kompensasjonsordninga og oppfyller andre vilkår i forskrifta (§ 3).

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. september kvart år, og utbetaling skjer i midten av desember.

Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd enten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinnes Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidligare enn vår frist. Les meir om dette her.

Kva organisasjonar kan få momskompensasjon?

Målgruppa for ordninga går fram av § 3 i forskrifta. Kort forklart er målgruppa aktive og frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret,  men avgrensa til:

  • demokratiske ikkje-økonomiske foreiningar
  • trus- og livssynsorganisasjonar
  • stiftelsar – det er stiftelsens eigenaktivitet som er grunnlag for vurderinga av om det blir drive verksemd som fell inn under ordninga. Utdeling av midlar til frivillig verksemd tilfredsstiller i seg sjølv ikkje kravet til frivillig verksemd

Organisasjonar som vil ha kompensasjon må levere rekneskap, revisjonsmelding og årsmelding saman med søknaden. Sjekk og om organisasjonen har krav om å levere revisorrapport.

Kva organisasjonar og verksemd kan ikkje få momskompensasjon?

I tillegg til å vere i målgruppa stiller forskrifta ei rekkje krav som må oppfyllast for å kunne motta kompensasjon. Les meir om dette her.