Frivillig aktivitet er aktivitetar som verken er fortenestebaserte, organisert av det offentlige, eller som er basert på samvirkeprinsipp som blir omfatta av lov om samvirkeforetak.

Med omgrepet «fortenestebasert» meiner vi aktivitetar som er eigna til å generere forteneste for dei som står bak aktivitetane.

Med forteneste meiner vi eit overskot som kan utdelast til eigaren/medlemmane. Det kan også vere andre økonomiske fordelar som for eksempel verdiar ved sal/oppløysing eller i form av verdiauke på private eigendelar.

Ein organisasjon kan drive ein aktivitet som er eigna til å gå med overskot. Kravet er at overskotet i sin heilskap blir ført tilbake til den frivillige verksemda. Det må vere nedfelt i vedtektene til organisasjonen at eit eventuelt overskot skal gå tilbake til føremålet. Dersom ein organisasjon driv verksemd som generar overskot som går tilbake til føremålet, men har nedfelt i vedtektene at utdelingar kan  skje til eigarar/medlemmar, vil organisasjonen bli vurdert til å drive fortenestebasert verksemd.