Tippe-overskotet er fordelt
Tilsaman 681 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping for 2015 gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.
Store summar
Summen som skulle fordelast frå overskotet til Norsk Tipping i 2015 var på vel 3,78 milliardar kroner. Av dette skal idretten gjennom den såkalla tippenøkkelen ha 64 prosent, medan 18 prosent går til kulturføremål og like mykje til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
I søknadsåret 2016 fordelte tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar seg slik:
- 564,9 millionar er kompensasjon for bortfall av inntekter frå automatmarknaden – basert på inntekter frå gevinstautomatane i 2001.
- 116,4 millionar går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.
Fleire får i år
Oversikten for 2016 viser at summen på 116,4 millionar kroner går til 37 organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001. Pengane blir utbetalt 13. desember. Til samanlikning fekk 26 organisasjonar tilsaman 76,8 millionar kroner frå denne potten i fjor.