Etter at det i stadig fleire dataspel er blitt mogleg å kjøpe seg fordelar med ekte pengar vurderer myndigheitene i fleire land om spela fell inn under definisjonen av lotteri og pengespel.

Spela er ofte heilt gratis, men det kan vere mogleg å gjere kjøp i spelet. Enkelte av spela har premiar av økonomisk verdi, og kan derfor falle inn under verkeområdet for lotteri- og pengespellovgjevinga.

– Eit spel kan falle inn under det gjeldande lotteri- og pengespelregelverket i Noreg dersom spelaren kan vinne ein premie av økonomisk verdi, det kostar pengar å delta i spelet og spelet har eit heilt eller delvis tilfeldig utfall, presiserer seniorrådgjevar Trude Felde i Lotteritilsynet.

Forum for spilltrender

Sosiale nettverksspel er eit omgrep som vart innført i ekspertgrupperapporten til Hamarutvalet i 2014 «Grenselause pengespel».

– Den gongen såg styresmaktene primært på små spel på sosiale plattformer, men i dag er det naturleg å legge også andre spel inn i omgrepet, kanskje også dataspel som inneheld element av det som liknar pengespel, seier Felde.

Som følgje av den rivande utviklinga innan spel på ulike plattformar har Kulturdepartementet tidlegare bedt Lotteritilsynet etablere ei tverrfagleg gruppe sett saman av Lotteritilsynet, Forbrukartilsynet, Medietilsynet og representantar for forsking, bransje og teknologi. Gruppa har fått namnet «Forum for spilltrender», og følgjer utviklinga av og deler kunnskap om sosiale nettverksspel.

Loot boxes er i gråsona

Kulturdepartementet arbeider med å lage ny pengespellov og ønsker å vurdere om, og eventuelt korleis, sosiale nettverksspel skal regulerast i den nye lova. I samband med dette blei «Forum for spilltrender» bedt om å levere ein rapport med bakgrunnsinformasjon om spel som ligg i ei gråsone mellom pengespel og dataspel, til dømes loot boxes.

I rapporten peiker forumet på at det finnast mange ulike typar loot boxes. Dei skil seg frå lotteri, fordi dei blir arrangerte i ei virtuell verd der både innskot og gevinst kan vere virtuelle. Slike loot boxes liknar dei tradisjonelle lotteria, men likevel utan at dei passar heilt inn i dagens legaldefinisjon.

Det er ikkje juridisk avklart om gjeldande lotterilov er meint å omfatte loot boxes og liknande gråsonekonsept.