Norsk Tipping innfører ny innloggingsløysning for to av sine spel etter at Lotteritilsynet konkluderte med at den eksisterande løysinga ikkje var trygg nok.

Ei av Lotteritilsynet sine oppgåver er å ha sterk kontroll med dei statlege tilbydarane av pengespel, som i dag er Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. I 2018 hadde tilsynet tett oppfølging av begge selskapa.

– Norsk Tipping har i all hovudsak gode system for å tilby spel i trygge og kontrollerte former, men det er viktig at dei kjenner og tar tak i risikoar som hindrar målet om ein forsvarleg balanse mellom eit attraktivt og eit ansvarleg pengespeltilbod, seier seniorrådgjevar Liv Røthe i Lotteritilsynet.

I Lotteritilsynets rapport til Norsk Tippings generalforsamling i 2018 blei selskapet bedt om å ha høg merksemd på spelarar som tapar mykje. Omsetninga for spel med høgare risiko aukar, og konsekvensen er auke i talet på spelarar med risikofylt speleåtferd.

Dette gjeld kasinospela til Norsk Tipping, men også for Liveoddsen kjem bidraget til netto omsetning i all hovudsak frå spelarar som er i risikogruppa.

Innfører to-trinns innlogging

I ein revisjon av Norsk Tipping konkluderte Lotteritilsynet med at innloggingsløysinga på spela Multix og Belago ikkje var trygg nok.

– Det har vist seg at mange spelarar bruker andre sine spelekort for å omgå tapsgrenser, noko som er ulovleg. Dette undergrev føresetnadane og rammene for ansvarleg spel, seier Røthe.

I 2019 blir det difor innført ny og tryggare innloggingsløysing på Multix og Belago, og det fysiske spelekortet blir erstatta med to-trinns innlogging med mobil.       

Har eit stort ansvar

Nordmenn blir møtt av omfattande marknadsføring av pengespel både frå lovlege og ulovlege aktørar, og mange har vanskeleg for å skilje mellom kva som er lovleg og ikkje. Røthe understrekar at det berre er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og enkelte store lotteri som har løyve til å tilby pengespel til nordmenn.

– Dei negative konsekvensane av pengespel kan være alvorlege, både for den som spelar og for den næraste familien. Difor har dei statlege tilbydarane eit stort ansvar for at ikkje fleire utviklar speleproblem som følgje av deira tilbod av pengespel, seier Røthe.

Anbefaler å registrere Flax-spelarar

Lotteritilsynet gjennomfører også revisjon av marknadsføringa til Norsk Tipping kvart år. Det omfattar også krav til informasjon om uheldig speleåtferd. Revisjonen i 2018 sette søkelyset på måling av omfang og effekt av marknadsføringa.

Konklusjonen var at Norsk Tipping har kontrollar som kan avdekke om marknadsføringa går lenger enn det som er nødvendig for å hente spelarar frå den ulovlege marknaden. Revisjonen avdekka likevel to avvik, det eine frå retningslinjene for marknadsføring og det andre frå reglar for spel på elektroniske kanalar.

Det første handlar om å bruke ei vinnarhistorie på ein måte som ikkje var ansvarleg. I dette tilfellet var det ei jente på 24 år som spelte e-skrapespelet «Flax for Livet»  for å dekke tidlegare tap. Dette gjorde ho i skjul for kjærasten sin. Jenta vann toppgevinsten som er 20 000 kroner kvar månad i 20 år. Dette kan skape eit inntrykk av at gevinst i pengespel kan gi økonomisk tryggheit over tid og ei inntektskjelde for sårbare grupper.

Det andre avviket var knytt til to av Norsk Tippings e-kommisjonærar som hadde manglande link til Norsk Tippings informasjonsside «Spillevett». Dette er eit krav.

Norsk Tipping har retta opp begge avvika og skjerpa rutinane sine.

I 2018 har Lotteritilsynet også anbefalt at Norsk Tipping finn ei løysing for registrert spel på papirbaserte Flaxlodd. Registrert spel på Flax vil gi selskapet fullstendig og effektiv overvaking av speleåtferd for alle sine kundar.

Personlege tapsgrenser på hesteveddeløp

I 2018 har det også vore sentralt for Lotteritilsynet å vurdere korleis Norsk Rikstoto oppfyller kravet til å førebygge, oppdage og reagere på uheldig speleåtferd slik det går fram av konsesjonen.

Grunnlaget for eit ansvarleg speltilbod er registrering og sikker identifisering av den enkelte spelar.

– Dette har Norsk Rikstoto fått på plass i alle salskanalar. Dei har også etablert ei løysing for fastsetjing av personlege spelebeløp per dag, veke og månad, og ein funksjon for å ta pause frå spel, fortel Røthe.

Norsk Rikstoto fekk i 2018 utsetjing og dispensasjon frå kravet om totalgrense innan 1. januar 2019, og får dermed betre tid til å finne rett nivå på totalgrensa ut ifrå reelle spelardata. Ny frist for innføring er sett til 1. januar 2020.

Sterkare internkontroll i Norsk Rikstoto

Vidare har Lotteritilsynet i 2018 gjennomført revisjon av marknadsføringa og krav som går fram av reglar for spel i elektroniske kanalar. Dette inkluderer krav til informasjon om negative konsekvensar av pengespel.

Revisjonen viste at Norsk Rikstoto har forsterka internkontrollen som sikrar oppfylling av krava til marknadsføring samanlikna med året før. Likevel vart det avdekka at kontrollen med publisering i sosiale medium bør bli betre. Det blei konkludert med eitt avvik og ein merknad.

Avviket handla om at barn vart brukt til marknadsføring i samband med ein fotokonkurranse på Facebook. I tillegg bad vi dei om å kartlegge risikoen ved bruk av pengepremiar i gratiskonkurransar, da dette kan tolkast som gratisspel eller bonusordningar.