Fleire organisasjonar mista retten til å motta pengar fra Grasrotandelen i 2018, mens eliteserieklubbane slapp unna med ei åtvaring.

Ti organisasjonar mista retten til å motta grasrotpengar i 2018. Lotteritilsynet meiner aktiviteten til dei ti organisasjonane, er utanfor formålet med Grasrotandelen. Grasrotordninga skal vere enkel og ubyråkratisk. Kravet er at mottakar er registrert i Frivillighetsregisteret, driv med noko som er allmennyttig og er ein organisasjon der alle kan vere med.

-Vi vurderer alltid kva ein grasrotdeltakar faktisk driv med når vi har tilsyn, seier seniorrådgjevar Marianne Alværen Torset i Lotteritilsynet.

Dette er Grasrotandelen

  • Ein spelar hjå Norsk Tipping kan bestemme at sju prosent av speleinnsatsen skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i Frivilligheitsregisteret og godkjent som grasrotmottakar.  Dette er Grasrotandelen som spelaren gir til «sitt» lag.
  • Sidan Grasrotandelen vart lansert i 2009 har totalt 3,7 milliardar kroner blitt utbetalt til grasrota.
  • Om lag 30 000 lag og foreiningar deltek i ordninga.
  • Tal gjevarar nærmar seg 1,2 millionar kroner.
  • Det er framleis over 800 000 kundar som ikkje har valt seg grasrotmottakar, så det er forventa at tal grasrotmottakarar vil auke framover.
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet fører tilsyn med Grasrotandelen.

130 har mista retten sidan 2013

Sidan Lotteritilsynet fekk ansvaret for tilsyn i 2013, har 130 organisasjonar mista retten til deltaking i ordninga. Til saman 1,9 millionar kroner er betalt tilbake.

-Ei utestenging betyr ikkje nødvendigvis at det har vore misbruk av ordninga. Det kan vere dei har vore i god tru, men at vi meiner aktiviteten deira er utanfor formålet med grasrotandelen, seier  Torset.

Grasrotordninga til inntekt for frivillige lag og foreiningar i Noreg auka i 2018 med 42,6 prosent til 649 millionar kroner. Forklaringa er at Grasrotandelen auka frå fem til sju prosent frå 2018.

Ny forskrift

Gjeldande frå 1. januar 2018 kom ei ny forskrift som understreka at Grasrotandelen i størst mogleg grad skal kome lag og foreiningar med frivillig aktivitet til gode. Det vart presisert at grasrotmidlane ikkje skal kome nærings-, eller privatøkonomiske interesser eller typisk offentlege oppgåver til gode. Den skal heller ikkje vere konkurransevridande.

Lotteritilsynet fekk gjennom den nye forskrifta også betre heimlar for å ha tilsyn med ordninga. Likevel – det blei understreka at grasrotordninga framleis skal vere ei enkel, ubyråkratisk lågterskelordning for lokale og regionale lag og foreiningar.

Grasrottilsyn med eliteserieklubbane

Våren 2018 oppretta Lotteritilsynet tilsyn med klubbane i Eliteserien som mottek midlar frå Grasrotandelen. Bakgrunnen var endringa om at midlane ikkje kan brukast til økonomisk aktivitet som vrir, eller truar med å vri konkurransen med verksemder som ikkje kan motta pengar frå Grasrotandelen. Dette skal tolkast i samsvar med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte.

– Under tilsynet erfarte vi at dokumentasjonen hos eliteserieklubbane ikkje var tilstrekkeleg til å kunne konkludere om grasrotmidlar vart brukt i strid med regelverket, seier Torset.

Lotteritilsynet avslutta tilsynet med å informere om det nye regelverket og om at grasrotmidlar ikkje kan nyttast til eliteseriesatsing. Klubbane fekk informasjon om at dei for framtida må kunne dokumentere i rekneskapen at grasrotmidlane vert brukt på anna aktivitet enn deltaking i Eliteserien.