For folk flest kan det vere utfordrande å skilje ulovlege pyramidespel frå lovleg nettverkssal. I 2018 stansa Lotteritilsynet eit pyramidespel med 150 000 norske deltakarar.

I mai 2018 gjorde Lotteritilsynet vedtak om at selskapa Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG måtte stanse all drift av, deltaking i, og utbreiing av verksemda dei driv i Noreg fordi det er eit ulovleg pyramidespel. I vedtaket har Lotteritilsynet lagt til grunn at inntektene frå Lyoness si verksemd i Noreg, i hovudsak stammar frå verving av deltakarar og ikkje sal av produkt.

Vedtaket ramma meir enn 150 000 norske deltakarar og 1000 lojalitetsbedrifter. Lyoness klaga vedtaket inn til Lotterinemnda, men klaga vart ikkje tatt til følgje. Lotterinemnda stadfesta Lotteritilsynet sitt vedtak i februar 2019. Lyoness må no stanse all verksemd i Noreg.

– Har du blitt lova gull og grøne skogar på eit vervemøte, berre du kan få med mange nye folk raskt? Skjønte du i tillegg lite eller ingenting av kva du skulle få desse folka med på? Då er mitt råd at du skal halde deg vekke. Då har du truleg blitt forsøkt lokka inn i noko som kan være ein ulovleg pyramide, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet Silje Sægrov Amble.

MLM-verksemd eller ulovleg pyramide?

Pyramidestrukturen er felles for både pyramidespel og Multi Level Marketing-verksemd (MLM). Ei MLM-verksemd vil som oftast vere lovleg og pyramidestrukturen er fundamentet for arrangementet, men er i seg sjølv ikkje hovudårsak til innteninga. Verksemder som i realiteten er ein ulovlig pyramide, vil ofte omtale seg sjølv som eit MLM-selskap, men verving av deltakarar er den største inntektskjelda. Dette gjer at det er vanskelig å skilje ei lovleg MLM-verksemd frå ein ulovlig pyramide.

Har du blitt kontakta av nokon som driv med direktesal og vil rekruttere deg som medlem? Vi har utvikla eit verkty der du kan teste om eit selskap kan vere eit ulovleg pyramidespel. Testen gir deg informasjon som kan hjelpe deg til å ta rett val.

Endeleg avgjort i domstolen etter fleire år

I 2014 gjorde Lotteritilsynet grundige vurderingar av selskapet World Ventures. Resultatet var vedtak om at sal av medlemskap, og av produktet Dream Trips, måtte stoppe fordi drifta var i strid med lotterilova § 16 som forbyr ulovlege pyramidar. Dette fordi inntektene til World Ventures i overvegande grad stamma frå verving av deltakarar i omsetningssystemet, og ikkje frå forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.

World Ventures meinte vedtaket var ugyldig og klaga til Lotterinemnda, men fekk ikkje medhald i klagen. World Ventures saksøkte deretter staten fordi dei meinte vedtaket i Lotterinemnda var ugyldig.

Oslo tingrett frikjende staten ved Kulturdepartementet i dom i 2016. Borgarting lagmannsrett forkasta anke frå World Ventures i dom av 5. mars 2018. Høgsteretts ankeutval fann einstemmig 12. juni 2018 at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til å fremje saka for Høgsterett. Borgarting lagmannsrett sin dom er dermed rettskraftig.

– Denne dommen er viktig fordi det er den første dommen om gjeldande pyramideregelverk, og den er i tråd med forvaltningspraksisen til Lotteritilsynet og Lotterinemnda på saker om pyramidespel og pyramideliknande omsetnadssystem. Sidan pyramideregelverket byggjer på eit EU-direktiv om urimeleg handelspraksis, vil dommen også kunne få innverknad på saker i andre land i Europa, seier Amble.