Fotball og hestesport er mest utsett for kampfiksing viser ei trusselvurdering Lotteritilsynet gjorde i sju utvalde idrettar i 2019.

For å auke kunnskapen om manipulering av idrettskonkurransar gjorde vi i 2019 ei trusselvurdering av sju utvalde idrettar i Noreg. Vi såg på trusselnivået for manipulering av idrettskonkurransar, på kor sårbar idretten er når det kjem til organisering, finansiering, og på kor god oversikt den enkelte idretten har.

Funna viser at fotball og hestesport er mest utsette. Fotball på grunn av mykje større omsetning i spelmarknaden enn dei andre idrettane vi undersøkte. Sjølv om fotball og hestesport er dei mest utsette idrettane i Noreg, er trusselnivået lågt samanlikna med andre land. Det er hovudsakleg fordi idretten i Noreg har ei god, demokratisk og transparent organisering, og fordi retningslinjene gjennomgåande er gode. Fleire andre land har gjerne idrettar som ikkje er like godt organiserte som i Noreg, og det påverkar trusselbiletet. Vi må likevel ta på alvor at enkelte idrettar står overfor truslar på bakgrunn av ein stor og uoversiktleg spelemarknad som også omfattar spelselskap utan løyve i Noreg.

– Tilbakemeldingar frå undersøkinga gir oss og idretten viktig kunnskap om kva truslar norsk idrett er utsett for, og kor vi er mest sårbare. Funna vil vi arbeide systematisk med for å vere godt rigga når vi kjem i ein situasjon som krev rask handleevne, seier seniorrådgjevar Eirik Tysse.

Styrking av det internasjonale samarbeidet

Året 2019 starta med temaet «Kampfiksing – en trussel for idretten» på idrettsgallaseminaret. Med det retta årets idrettsgalla søkelyset på ein trussel vi må ta på alvor. Kampfiksing kan øydelegge tilliten til idretten om vi ikkje jobbar med å førebygge og avdekke manipulering av idrettskonkurransar. Bodskapen frå zambiske Nchimunya Mweetwa var umogleg å misforstå. Han oppfylte draumen sin om å spele fotball i Europa. Det enda med ein fengselsdom etter å ha å manipulert fotballkampar. Ein forstår alvoret når slike historier blir fortalde.

Vi har i 2019 styrkt det internasjonale samarbeidet ytterlegare. Det er heilt avgjerande for å lukkast med overvaking av eit problem som i høgste grad er grenseoverskridande.

Fleire land arbeider med å etablere nasjonale plattformer mot manipuleringav idrettskonkurransar. Noreg bidrar aktivt til at dei har eit best mogleg kunnskapsgrunnlag når plattformene blir etablerte. Då vi gjorde risikovurderingar i 2019, var det australske politiet her i ei veke, og dei bidrog i arbeidet med undersøkingane.

14 tips og ein sanksjon

Vi fekk i 2019 inn 14 tips om manipulering av idrettskonkurransar som vi vurderte nærare. I eitt tilfelle blei ein person utestengd frå idretten i to år av idrettens doms- og sanksjonsutval. Dei andre tipsa viste seg å ikkje ha grunnlag for sanksjonar.