Roger og Aud mista huset på grunn av spelegjeld. - Dei er ikkje aleine. Vi ser at speleavhengige får stadig større gjeld. Det har brutale konsekvensar for både spelarar og pårørande, seier Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet.  

-Eg følte at alt raste rundt meg den dagen, seier Aud Asker.

Ho visste ingen ting om at mannen, Roger, var speleavhengig, før gjelda var blitt så stor at dei kom til å miste huset. Då fortalde han alt.

Roger oppdaga nettkasino i 2013, og fortel at det var då spelinga eskalerte. Han kunne satse 2500 kroner kvart trykk. Ein gong vant han 80 000 kroner, men spelte det vekk på berre nokre få minutt.

-Eg kunne legge meg etter å ha tapt 60 000 kroner, og ikkje ha problem med å sove etterpå.

Han bestilte kredittkort i kona sitt namn, utan at ho visste det. Han refinansierte huset fleire gongar for å få litt ekstra lån til spelinga. Men til slutt blei spelegjelda så stor at dei måtte selje huset. Huset Roger sjølv hadde bygd, og det som hadde vore heimen deira i over 30 år. Det var der dei hadde skapt seg eit liv, og sett barna vekse opp.

-Det er framleis heime for meg. Det var veldig vondt. Eg gråt mykje. Det gjekk så fort, seier Aud.

-Det var ille å sjå på at det begynte å bli tomt. Eg hadde jo spikra kvar spiker, seier Roger.

Stadig høgre gjeld

Blant dei som ringte inn til Hjelpelinjen i 2019 oppga 81 prosent at dei finansierar spelinga med gjeld. Delen som har høg gjeld, er stor og aukande.

  • 44 prosent hadde gjeld på 500 tusen kroner eller meir
  • 26 prosent hadde gjeld på mellom 100- og 499 tusen kroner.

-Spelarar får raskt store og meir alvorlege problem. Speleavhengigheit er brutalt for dei det rammar, og mange har spelegjeld på fleire millionar kroner. Familiar misser hus og heim, og speleproblem kan også få psykiske konsekvensar. Dette er menneske som har det forferdeleg vanskeleg, seier Lars Petter Degnepoll, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

34 000 nordmenn er problemspelarar, og 88 000 er moderate risikospelarar. Dersom vi legg til alle pårørande som blir ramma, eller står i fare for å bli det, er det veldig mange menneske.

-Den mest alvorlege forma for avhengigheit eg har sett

Jarle Wangen i Akan har jobba med ulike typer avhengigheit. Han har både jobba med det i behandlingsapparatet, og no som seniorrådgjevar i Akan.

Av 17 spelarar dei hadde som informantar i ei studie, vedgjekk 16 at dei var plaga av sjølvmordstankar.

-Pengespelavhengigheit er den råaste og mest destruktive avhengigheita eg har sett. Konsekvensene for spelaren, familien og jobben blir katastrofal veldig fort, seier Wangen.

-Det finst hjelp

Roger Asker har fått hjelp. Han tok kontakt med Hjelpelinjen, som rådde han til å kontakte fastlegen sin. Der fikk han hjelp til å kome i behandling, og han går også i gruppesamtaler hos Spillavhengighet-Norge.

Foto av Roger og Aud

Roger og Aud kom seg gjennom problema.

-Be om hjelp tidlig, og prøv å seie i frå til dei næraste, om det er hustru, kamerat, mamma og pappa. Fortel det til nokon. Å innsjå at du har eit problem er ofte ein lang veg å gå. Det er aldri for seint å få hjelp, seier Roger.  

Ekteparet kom seg gjennom stormen. Dei fortel at dei nesten er nærare kvarandre no.

-Vi må prøve å stå saman. Ikkje gi opp med ein gong og snu ryggen til og gå, seier Aud.

-Aud er nesten irriterande positiv. Eg kjenner mykje på skuldfølelse, og må ha hjelp til å handtere den. Men Aud klarer å sjå det positive heile tida. Det hjelp.