Norsk Tipping sine kasinospel under lupa
Revisjonen viste at Norsk Tipping har etablert internkontroll der dei overvaker speleåtferdsdata, og kontaktar mange spelarar direkte når dei ser problematisk speleåtferd.
-Analysar viste ein urovekkande vekst i talet på risikospelarar på KongKasino i 2018. Denne veksten er betydeleg mindre i 2019, noko som kan tyde på at spelarane nyttar seg av pauseverktøy og andre beskyttande tiltak, og at desse tiltaka fungerer, seier seniorrådgjevar Liv Røthe i Lotteritilsynet.
Auken i omsetning på KongKasino kan òg vere ein indikasjon på at Norsk Tipping hentar risikospelarar frå dei ulovlege spelselskapa, og såleis lukkast med å få spelarane over på tryggare og meir ansvarlege spel.
Revisjonen fann to avvik, og begge gjeld oppstilling av Multix- og Belago-maskiner. Norsk Tipping oppfylte ikkje opplæringskrava i lokala der automatane står. Vidare manglar det ein beredskapsplan for korleis selskapet skal handtere utfordringar i lokale med mange risikospelarar.
Norsk Tipping har ikkje lenger lov til å marknadsføre kasinospel
Norsk Tipping har hatt ei opning for å kunne marknadsføre kasinospel, men har gjort det i mindre omfang. Sidan kasinospel er eit risikospel, har det alltid vore strengt regulert. I tidlegare revisjonar har Norsk Tipping fått avvik knytt til innhaldet i marknadsføringa av kasinospel.
Fakta om kasinospel
- Kasinospel er rekna som spelet med høgast risiko for å utvikle speleproblem.
- Kasinospela til Norsk Tipping er underlagt streng kontroll.
- Du kan tape maksimalt 10 000 kroner i månaden på Norsk Tipping sine kasinospel.
- Det er obligatorisk å sette tapsgrenser.
- Det er lagt inn pauser i spela til Norsk Tipping.
- Norsk Tipping tar kontakt med mange spelarar som har uheldig speleatferd.
- Norsk Tipping har ikkje lov å marknadsføre kasinospela.
- Fleire utanlandske pengespelselskap rettar seg mot Noreg. Dei har ikkje absolutte tapsgrenser og marknadsfører kasinospela i stor skala, sjølv om dei ikkje har lov å tilby eller marknadsføre sine spel i Noreg.
Frå og med juli 2019 har ikkje Norsk Tipping lenger lov til å marknadsføre kasino- eller bingospel med høg risiko, som følge av ei regelendring frå Kulturdepartementet.
Statleg eigarstyring er med på å sikre effektiv forvaltning og endring av reguleringstiltak ved behov. I Lotteritilsynets rapport til Norsk Tippings generalforsamling i 2019 foreslo Lotteritilsynet fleire forbetringstiltak.
Forslaga handla om kasinospel, marknadsføring og auka bevisstgjering om ansvarleg spel for spelarar i risikogruppa. Norsk Tipping har følgt opp forslaga med enten konkrete tiltak eller forsking. Lotteritilsynet er i dialog med Norsk Tipping om framdrift.
I mai 2019 innførte Norsk Tipping ei ny løysing for å logge på Multix- og Belago-automatane. Denne løysinga gjer det vanskelegare for spelarane å bruke andre sine spelarkort for å omgå tapsgrensene. Endringa har medført ein tydeleg reduksjon i omsetning og spelartal, noko som tyder på at tiltaket har verka slik det var tenkt.