Norsk Tipping tilbyr kasinospel med høg risiko for uheldig speleåtferd på Internett. I 2019 har Lotteritilsynet kontrollert korleis selskapet følger opp kasinospelarar som har middels eller høg risiko for å utvikle speleproblem.  

Revisjonen viste at Norsk Tipping har etablert internkontroll der dei overvaker speleåtferdsdata, og kontaktar mange spelarar direkte når dei ser problematisk speleåtferd.

-Analysar viste ein urovekkande vekst i talet på risikospelarar på KongKasino i 2018. Denne veksten er betydeleg mindre i 2019, noko som kan tyde på at spelarane nyttar seg av pauseverktøy og andre beskyttande tiltak, og at desse tiltaka fungerer, seier seniorrådgjevar Liv Røthe i Lotteritilsynet.

Auken i omsetning på KongKasino kan òg vere ein indikasjon på at Norsk Tipping hentar risikospelarar frå dei ulovlege spelselskapa, og såleis lukkast med å få spelarane over på tryggare og meir ansvarlege spel.

Revisjonen fann to avvik, og begge gjeld oppstilling av Multix- og  Belago-maskiner. Norsk Tipping oppfylte ikkje opplæringskrava i lokala der automatane står. Vidare manglar det ein beredskapsplan for korleis selskapet skal handtere utfordringar i lokale med mange risikospelarar.

Norsk Tipping har ikkje lenger lov til å marknadsføre kasinospel

Norsk Tipping har hatt ei opning for å kunne marknadsføre kasinospel, men har gjort det i mindre omfang. Sidan kasinospel er eit risikospel, har det alltid vore strengt regulert. I tidlegare revisjonar har Norsk Tipping fått avvik knytt til innhaldet i marknadsføringa av kasinospel.

Fakta om kasinospel

  • Kasinospel er rekna som spelet med høgast risiko for å utvikle speleproblem.
  • Kasinospela til Norsk Tipping er underlagt streng kontroll.
  • Du kan tape maksimalt 10 000 kroner i månaden på Norsk Tipping sine kasinospel.
  • Det er obligatorisk å sette tapsgrenser.
  • Det er lagt inn pauser i spela til Norsk Tipping.
  • Norsk Tipping tar kontakt med mange spelarar som har uheldig speleatferd.
  • Norsk Tipping har ikkje lov å marknadsføre kasinospela.
  • Fleire utanlandske pengespelselskap rettar seg mot Noreg. Dei har ikkje absolutte tapsgrenser og marknadsfører kasinospela i stor skala, sjølv om dei ikkje har lov å tilby eller marknadsføre sine spel i Noreg.

Frå og med juli 2019 har ikkje Norsk Tipping lenger lov til å marknadsføre kasino- eller bingospel med høg risiko, som følge av ei regelendring frå Kulturdepartementet.

Statleg eigarstyring er med på å sikre effektiv forvaltning og endring av reguleringstiltak ved behov. I Lotteritilsynets rapport til Norsk Tippings generalforsamling i 2019 foreslo Lotteritilsynet fleire forbetringstiltak.

Forslaga handla om kasinospel, marknadsføring og auka bevisstgjering om ansvarleg spel for spelarar i risikogruppa. Norsk Tipping har følgt opp forslaga med enten konkrete tiltak eller forsking. Lotteritilsynet er i dialog med Norsk Tipping om framdrift.

I mai 2019 innførte Norsk Tipping ei ny løysing for å logge på Multix- og Belago-automatane. Denne løysinga gjer det vanskelegare for spelarane å bruke andre sine spelarkort for å omgå tapsgrensene. Endringa har medført ein tydeleg reduksjon i omsetning og spelartal, noko som tyder på at tiltaket har verka slik det var tenkt.