Koronavirus – informasjon
Her legg vi fortløpande ut informasjon og tiltak frå Lotteri- og stiftelsestilsynet knytt til koronaviruset.
Frivilligheita
Nye tilskotsordningar for frivilligheit og idrett som følgje av covid-19: Dei nye tilskotsordningane skal støtte opp under frivilligheits- og idrettspolitiske mål om brei deltaking og mangfald ved å støtte sektoren gjennom covid-19-krisa. Ordningane skal hjelpe til å utvikle og gjennomføre både aktivitetar og arrangement, som er tilpassa smittervernrestriksjonar. Dei skal også bidra til omstilling og utvikling av aktivitetstilbodet i organisasjonane. Les meir om ordningane.
Krisepakke 1: Arrangørar i frivillig-, kultur- og idrettssektoren som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med koronaviruset, har søkt kompensasjon for tapte billettinntekter og deltakaravgifter. Ordninga gjaldt arrangement som var planlagt gjennomført i perioden 5. mars til 30. april 2020. Nøkkeltal finn du her.
Krisepakke 2: Formålet med kompensasjonsordninga er å kompensere frivillege organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement eller annan spesifisert aktivitet, som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med covid-19- utbrotet. Søknadsfristen var 15. september 2020. Her finner du nøkkeltal frå krisepakke 2.
Krisepakke 3: Koronakrisepakke 3 for frivillige lag og organisasjoner har søknadsfrist 15. januar. Formålet med kompensasjonsordninga er å kompensere frivillege organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement eller annan spesifisert aktivitet, som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med covid-19- utbrotet. Krisepakke 3 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Nøkkeltal finn du her.
Tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping: Dette er ei årleg tilskotsordning som normalt har søknadsfrist 1. september, og tildeling i desember. Regjeringa fastsette 24. april ei mellombels forskrift som gjorde det mogeleg å få tildelt tilskot i mai 2020. Tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping.
Lotteri og bingo
Lotteritilsynet gir dispensasjon frå bingoforskrifta og kravet om at hovudspel må spelast i hall for også å kunne vere online. Denne dispensasjonen gjeld førebels fram til og med 24. juni 2021, og tilsynet vil vurdere forlenging fortløpande.
Eininga for finansiell etterretning (EFE) ved Økokrim ber rapporteringspliktige vere ekstra årvakne for nye indikatorar på kvitvasking og terrorfinansiering i samband med koronakrisa.
Stiftelsar
På grunn av koronasituasjonen opplever enkelte stiftelsar at nyval av styremedlemmer ikkje lar seg gjennomføre til vanleg tid. Dette medfører at ved utløpet av tenesteperioden til sittande styremedlemmar, er dei som skal tre inn i styrevervet ikkje valde/oppnemnde. Les styremedlemmar må sitte i vervet inntil nytt medlem er valt.
For å avhjelpe denne situasjonen er det vedteke endringar i foretakslovgjevinga som gjer det mogeleg for m.a. stiftelsar å sjølv velgje om dei vil halde fysiske eller digitale møte. Les meir om kva reglar som gjeld for styret si sakshandsaming.
Den akutte situasjonen som har oppstått i Norge grunna koronautbrotet påverkar også stiftelsar. For å bøte på situasjonen har styresmaktene sett i verk både økonomiske tiltak og tiltak som skal gjere det lettare å ivareta det ansvaret som kviler på styret i ei tid der det kan vere vanskeleg å møtast fysisk. Les meir om styrearbeid i ei uroleg tid her.
I vedtektene til mange stiftelsar er det gitt fristar. Dette kan typisk vere at styret eller anna organ i stiftelsen skal halde møte, eller at årsrekneskap skal vere avlagt, innan ein gitt dato. Overordna regelverk for dette er oppdatert og blir gjort gjeldane om kort tid.
I Prop 188 L som no er godkjent av Stortinget blir det foreslått ein midlertidig utsetting av fristen for årsrekneskap og årsmelding med 2 måneder i 2021 (opprinnelig frist 30. juni.2021). MERK: Fristutsettelsen gjeld ikkje for rekneskapspliktige med omsettelege verdipapir tatt opp til handel på eit regulert marked, og foretak som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet etter finanstilsynslova.
Hugs at årsrekneskapet og årsmeldinga må signerast av alle styremedlemmene og dagleg leiar dersom stiftelsen har dette.
Stiftelsar er som mange andre organisasjonar berørte av tiltaka som er innførte for å handtere koronasituasjonen. Stiftelsestilsynet får nokre henvendelsar om eventuelle tiltak som er sette i verk for å avhjelpe situasjonen. Regjeringa har sett i verk tiltak innanfor fleire område, og vi anbefaler stiftelsene å følge med på informasjon frå offentlege styresmakter over tiltak som blir sette i verk for å avhjelpe situasjonen i dei forskjellege sektorane.
Pengespel
Den nye kvardagen aukar risikoen for speleproblem for mange. Fleire som følgjer problem med spel tett ventar ein vekst. Men det fins hjelp, og her er nokre gode råd. Ikkje bruk pengespel til å gløyme skriv seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll på fagbloggen.
Lotteritilsynet har lagt merke til nokre pengespelreklamar og medieoppslag som har gjort oss bekymra. Ikkje fordi dei er direkte ulovlege, men fordi dei framstiller pengespel på ein måte som kanskje er ekstra uheldig akkurat no. Les seniorrådgjevar Trude Felde sin fagblogg om koronakrisa og marknadsføring.
Vi oppmodar alle om å følgje råd og pålegg frå styresmaktene. Meir informasjon finn du her: