Bingo, entreprenørbingo, foreiningsbingoFrivillige organisasjonar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål, kan arrangere bingo der overskotet går til organisasjonen sitt formål.

Før organisasjonen kan få løyve til å arrangere bingo må organisasjonen vere godkjend som lotteriverdig av Lotteritilsynet.

Det er to ulike typar bingo i Norge.

  • entreprenørbingo
  • foreiningsbingo

Entreprenørbingo

Lag og organisasjonar med lotteriløyve kan søkje om bingospel med entreprenør. Dette betyr at det er ein profesjonell aktør som arrangerer bingoen på vegner av eitt eller fleire lag. For bingo med entreprenør vil det vere den profesjonelle parten som koordinerer innsending av søknader om bingospel frå foreiningane, og som står for rekneskapsrapportering frå bingoen.

Søknadsfrist entreprenørbingo

Søknadsfristen for å arrangere bingospel frå starten av eit nytt år er
15. oktober året før.

Foreiningsbingo

Lag og organisasjonar med godkjent lotteriløyve  kan søkje om løyve til å arrangere bingo. Det betyr at laget sjølv står for alt det praktiske rundt avviklinga av bingospelet, og det er foreininga sitt ansvar å syte for nødvendig rekneskapsrapportering til Lotteritilsynet etter at løyvet er ferdigspelt.

Det er tre ulike typar foreiningsbingo:

  • Foreiningsbingo med omsetning inntil 700 000 kroner for kvar organisasjon. Her er det krav om full rekneskapsrapportering.
  • Foreiningsbingo med omsetning inntil 250 000 kroner for kvar organisasjon. Her må organisasjonen sende inn forenkla rekneskapsrapport.
  • Radio- og TV-bingo for stasjonar med konsesjon. Her er det inga omsetningsgrense. Det er berre lokalradioar og lokale TV-stasjonar med konsesjon som kan arrangere bingo i lokalradio og lokal-TV.

Det enkelte lag kan få løyve til å omsetje for inntil 700 000 kroner på hovudspelet. Gebyret for eit slikt løyve er 1250 kroner.

Søknadsfrist foreiningsbingo

Generelt kan du søke om foreningsbingo heile året, men skal du ha oppstart frå 1. januar er fristen for å søke 15. oktober året før.

Du kan søkje om foreiningsbingo via Lotteritilsynets søknadsskjema i ALTINN her.

Eller du kan laste ned papirskjema (PDF med skrivbare felt) ved å gå til søknads- og rapportskjema.

Løyve

Den enkelte foreining eller organisasjon kan få eitt bingoløyve pr. år med ei samla omsetning på inntil 700 000 kroner.
Lag og organisasjonar  som er med på entreprenørbingo får vanlegvis utbetalt sin del av overskotet fire gonger i året – ein gong per kvartal.

Du kan søkje om entreprenørbingo via Lotteritilsynets søknadsskjema i ALTINN.
Eller du kan laste ned papirskjema (PDF med skrivbare felt) ved å gå til søknads- og rapportskjema.

Autorisasjon

Aktørar som skal halde bingo på vegner av godkjende lag og organisasjonar, må vere autoriserte. Det er Lotteritilsynet som etter søknad autoriserer entreprenørar og innehavarar av lokale som skal brukast til lotteri og bingo.

Du kan søkje om autorisasjon via Lotteritilsynets søknadsskjema i ALTINN.
Eller du kan laste ned papirskjema (PDF med skrivbare felt) ved å gå til søknads- og rapportskjema.

Rapportere bingorekneskap

Entreprenørar og organisasjonar som sjølve arrangerer bingo, pliktar å sende inn rekneskapsrapport etter at bingoløyvet er ferdigspelt. Ved spel i pott med fleire organisasjonar skal rekneskapsrapportering og utbetaling gjerast ein gong i halvåret.

Rapport leverer du via Lotteritilsynets rapporteringsskjema i ALTINN.

Du kan også rapportere med papirskjema.

Har du spørsmål?  Ta kontakt.