I følge forskrifta § 3 tredje ledd bokstav c) blir det ikkje gitt kompensasjon for meirverdiavgiftskostnader til organisasjonar som er lukka, det vil seie organisasjonar som ikkje er opne for ålmenta der dette elles ville vore naturleg.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. I tråd med nytt regelverk skal lukka organisasjonar ikkje motta kompensasjon. Lukka organisasjonar blir her definert som organisasjoner som ikkje er opne for ålmenta der dette elles ville vore naturleg. Slike organisasjonar er kjenneteikna av at nye medlemer må anbefalast eller inviterast av eksisterende medlemer og eventuelt at nye medlemer må kunne vise til visse kvalifikasjonar som godt omdømme, god privatøkonomi og liknande.

Det er ikkje intensjonen at organisasjonar som stiller krav til kvalifikasjonar for medlemskap som har ein sakleg samanheng med organisasjonen si verksemd eller som har ei «naturleg avgrensing» i medlemskap skal falle ut. Eksempel på ei naturlig avgrensing som har ein sakleg samanheng med organisasjonen si verksemd er eit skytterlag som stiller krav til at medlemene må ha løyve til å bere våpen. Ei anna naturleg avgresing kan være geografi.

Regelverket vart innstramma med verknad frå søknadsåret 2019, og betyr at nokre organisasjonar som tidligare fekk midlar, ikkje lenger vil kunne ta del i ordninga.