Rekordstor utbetaling av momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet betaler ut omlag 1,2 milliarder kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar før jul. Tildelingsbrevet blir sendt ut måndag 8. desember og utbetaling skjer 12. desember. Det betyr at mottakarane har pengane på konto i veke 51.
I alt kom det inn 1 189 søknader om å få tilsaman 1,484 milliard kroner i momskompensasjon. Av desse fekk 1 040 innvilga søknaden. Alle søkjarane får kompensasjonen avkorta med ca 17 prosent.
Vi kjem med meir fakta og tal frå tildelinga i løpet av desember.