Frivillige organisasjonar kan no søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Søknaden skal baserast på årsrekneskapen for 2013.

Stortinget løyver pengane

Råma for 2014  er på om lag 1,2 milliard kroner, og er løyvd av Stortinget.
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga på vegner av Kulturdepartementet.

Kven kan søkje?

Frivillige organisasjonar der frivillig innsats er ein viktig del av verksemda kan søkje om momskompensasjon.  Organisasjonen må også vere registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen som er 1. september, i tillegg til å oppfylle ein del andre kritere i forskrifta.

Underledd må søkje via sentralleddet

Det er viktig at lokal- og regionalledd som er knytte til eit sentralledd, anten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter, sender søknaden via sentralleddet sitt. Underledd som søkjer direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet vil bli avviste, og får dermed ikkje kompensasjon. Vi minner difor om at slike søkjarar i god tid tar kontakt med sentralleddet sitt for å få informasjon om den interne søknadsprosessen.

Mange fekk pengar i 2013

Til saman 17 863 frivillige lag og organisasjonar fekk utbetalt 940 millionar kroner i momskompensasjon i fjor. Nesten 60 prosent av denne kompensasjonen gjekk til lokal- og regionalnivået i organisasjons-Norge.

Les meir om ordninga på våre nettsider.

Søknadsfristen er 1. september 2014.