Lotteritilsynet har sendt forslag til endring i regelverket for radio- og tv bingo ut på høyring.

Bingobongar på nettet

Endringsforslaget går ut på lokale radio/tv stasjonar også skal kunne selge bingobongar via internett. I dag er det krav om at bingobongar til bruk i lokal-radio og lokal-tv må kjøpast frå utsalsstader som arrangøren har avtale med. Internett vil i denne sammanheng vere ein rein kjøpskanal. Det vil seie at spelarar kan kjøpe bongar på nettet, og skrive dei ut etter kjøp. Kjøparen vil ikkje kunne spele bingo med bruk av elektroniske bongar.

Fristen for å gi uttale er sett til 15. august 2014.