Nettsidene til Hjelpelinja for speleavhengige har fått ny profil, og innhaldet er fornya.

Universell utforming


-Dei nye nettsidene er tilpassa krava til universell utforming, og vi brukar publiseringsverktøyet WordPress. I tillegg har dei fått ny profil, er blitt tospråklege og er også tilpassa mobiltelefon, seier Linda Vøllestad Westbye som er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet pengespel.

Hjelper folk i krise


Hjelpelinja har eksistert sidan våren 2003. Telefonnummeret 800 800 40 vart supplert med ei nettside med informasjon som problemspelarar og andre var på jakt etter. No er nettsida fornya for andre gong – i tråd med nye behov.

Ho legg til at moderniseringa av nettsidene er viktig når vi veit at Hjelpelinja er eit tilbod som hjelper menneske i krise. Tilbodet gjeld problem som spelarar har fått både ved pengespel og dataspel.

Hjelpelinja sine nettsider får stadig fleire brukarar. Dei siste tre åra har det i snitt vore over 2000 unike besøkjande kvar månad. Tre av fire som ringjer til Hjelpelinja, og som fortel kvar dei fekk vite om telefonnummeret, viser til nettsidene.

Også SMS og e-post


Framleis er direkte kontakt på telefon viktigaste tilbodet til problemspelarar, pårørande og andre som treng informasjon om pengespelproblem og behandling. Nettsidene er blitt eit viktig supplement, og i tillegg kan dei som ønskjer det ta kontakt via SMS eller e-post.

Hjelpelinja for speleavhengige blir driven i eit samarbeid mellom Lotteritilsynet og Sykehuset Innlandet si avdeling på Sanderud.