Ingen garanti for full utbetaling av idrettsmoms
Det er årlege løyvingar over statsbudsjettet som avgjer kor mykje idrettslag får utbetalt når dei søkjer om kompensasjon for momsutgifter på idrettsanlegg.
– Summen kvar søkjar får utbetalt er avhengig av kor mange søknader vi får inn. Det er også avhengig av kor mange søknader som blir godkjende, og ikkje minst kor store beløp dei søkjer om, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Ein del er kritiske
Den siste tida har det vore medieoppslag der representantar for idretten er kritiske til at dei i år ikkje fekk dekka heile søknadsbeløpet om kompensasjon for idrettsmoms fullt ut.
For 2014 var det løyvt 65 millionar kroner til kompensasjon av moms på idrettsanlegg. Det viste seg at det godkjende søknadsbeløpet kom opp i 113,8 millionar kroner, og dermed vart alle søknadssummar avkorta med 42,9 prosent.
Ei slik avkorting er i tråd med det som står i forskrifta om kompensasjon for idrettsmoms. Det blir også orientert om ei mogleg avkorting i eit brev som Kulturdepartementet kvart år sender til sentrale organisasjonar, mellom dei Norges idrettsforbund.
Feil å budsjettere
– Ingen idrettslag har garanti for at dei vil få utbetalt heile beløpet dei søkjer om. Difor blir det feil om dei budsjetterer med kor mykje dei vil få i kompensasjon før alle søknader er sakshandsama, seier Atle Hamar.
I år var det femte gongen idrettslag kunne søkje om kompensasjon for momsutgifter til idrettsanlegg. Tre av dei føregåande åra har det ikkje vore avkorting på summen det er søkt om – i 2012 var det ei avkorting på ti prosent.
Fleire søknader
Talet på søknader om kompensasjon for idrettsmoms auka i år til 324. Talet på søknader som vart avviste gjekk ned til 32.
– Lotteritilsynet trur at dette viser at ordninga med kompensasjon for moms på idrettsanlegg er blitt betre kjend. Dessutan er kvaliteten på søknadene blitt betre, seier Atle Hamar.