Søknadsfristen for koronakrisepakke 2 for frivillige lag og organisasjonar gjekk ut 15. september. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå eller , som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med covid-19-utbrotet. Les forskrifta her. 

Krisepakke 2 gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret. Søknadsfristen var 15. september.

Oppdatert søkarliste og utbetaling

Her finn du oversikt på alle alle søkarar og nøkkeltal frå krisepakke 2.

Det kunne søkast om: 

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet i perioden.

Dette er ei tillitsbasert ordning. Søkar pliktar å gi opp korrekte opplysningar. Dersom søkar er i tvil om kva ordninga kan kompensere må dette avklarast før søknaden blir sendt.

Eventuelle uklarheiter, spørsmål og merknader i søknaden vil krevje skjønnsmessige vurderingar som kan føre til at fleire får utsett utbetalinga av kompensasjon. Dersom organisasjonen er ueinig i innretninga av ordninga, må spørsmål rettast til Kulturdepartementet, som har fastsett regelverket på bakgrunn av Stortinget sitt vedtak. Det vil bli gjennomført etterhandskontroll, og uberettiga eller for høg kompensasjon kan heilt eller delvis krevjast tilbake.

Denne ordninga har lengre tidsrom og dekker fleire tap av inntekter enn krisepakke 1, som kompenserte for tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter i perioden 5. mars til 31. april.

Søknadsfristen gjekk ut 15. september.