Ti millionar meir til idrettsmoms
Regjeringa har løyvt ti millionar kroner meir til utbetaling av kompensasjon for moms på idrettsanlegg i 2014.
Den ekstra løyvinga kom i revidert nasjonalbudsjett 14. mai. Den totale ramma til idrettsmoms kjem difor opp i 65 millionar kroner.
Søkjarane får dermed mindre avkorting på summen dei har søkt om enn først rekna med. Det er kome vel 300 søknader som totalt har søkt om kompensasjon for 120 millionar kroner.
Sakshandsaminga pågår, og Lotteri- og stiftelsestilsynet reknar med at pengane vil bli utbetalt tidleg i haust.