Lotteri- og stiftelsestilsynet sender i dag ut svar på søknad om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Det er fordelt 123,8 millionar kroner i kompensasjon.

I år får søkjarane ei avkorting på 28 % av den godkjente søknadssummen. Godkjent søknadsbeløp var på totalt  171,9 millionar kroner.

Av dei 451 som søkte om kompensasjon er 407 innvilga. I 2015 var det løyvd 100 millionar til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Løyvinga vart seinare auka i revidert nasjonalbudsjett.

Utbetaling av tildelt beløp vil skje dei næraste dagane.

Sjå oversikt over tildelt beløp per søkar i 2015.