Gode formål fekk 300 millionar kroner meir frå lotteri og pengspel i 2012  enn året før. Samla overskot nådde 5,2 milliardar, og av dette fekk idretten åleine vel to milliardar kroner.

Dette går fram av Lotteritilsynet sin pengespelstatistikk for 2012 som no er klar. Tala viser at brutto omsetning i den regulerte pengespelmarkanden gjekk opp to milliardar kroner til 28,7 milliardar kroner.

Auken i omsetninga kom først og fremst på Norsk Tipping sine terminalspel Multix og Belago, forutan i Viking Lotto. Omsetninga i entreprenørbingo hadde  ein nedgang på nesten 1,5 milliard kroner som følgje av endringar i regelverket for databingo.

Auke i ansvarlege spel

– Vi helsar det aukande overskotet i lotteri og pengespel velkomen så lenge veksten kjem i ansvarlege pengespel slik tilfellet er. Over fem milliardar kroner er eit svært viktig bidrag til aktiviteten i den store frivillige sektoren her i landet, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Atle Hamar er også nøgd med at ein del av auken i overskotet skuldast at kostnadene med å drive pengespelmarkanden i fjor gjekk ned.

Slik blir pengane fordelt

Lotteritilsynets statistikk viser at idretten får klart mest av overskotet i lotteri og pengespel. Statistikken viser følgjande tal i kroner for dei største mottakarane:

  • Norsk idrett 2017 millionar.
  • Kultur og fritid 1316 millionar.
  • Hest og hestesport 598 millionar.
  • Humanitære formål 540 millionar.
  • Helseformål 538 millionar.
  • Religiøse, politiske og andre formål 37 millionar.
  • Tiltak mot uheldig speleåtferd 12 millionar.

Ser vi på idretten sin del av overskotet, så kjem 1640 millionar over den såkalla Tippenøkkelen som i fjor sikra idretten 47,9 prosent av overskotet – ein prosentdel som vil i auke dei komande åra. I tillegg fekk idretten  218 millionar kroner frå grasrotordninga, 117 millionar frå entreprenørbingo, 13 millionar frå spel på norske skip og tre millionar frå landslotteri.

Idretten  fekk dessutan i fjor 22 millionar kroner frå Norsk Tipping sine terminalspel og frå overskotet i ei lottotrekning.

Venta nedgang i bingo

Brutto omsetning i dei 230 bingohallane her i landet gjekk i fjor ned med 22 prosent til vel 4,5 milliardar kroner. Dette var ein venta reduksjon etter at det frå januar 2012 skal gå minimum 30 sekund frå eit spel i databingo er ferdig til det neste kan starte.

Lotteritilsynet sin statistikk viser at kvar nordmann, liten som stor, i 2012 satsa 5711 kroner på pengespel, og då er ikkje spel på utanlandske selskap medrekna. Kvar nordmann tapte i snitt 1807 kroner på pengespel. Nordmenn tapte dermed 0,73 prosent av si disponible inntekt på lotteri og pengespel i 2012.