65 millionar i idrettsmoms er fordelt
Lotteritilsynet har no fordelt 65 millionar kroner i kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. I år får søkjarane ei avkorting på 42,9 prosent på den godkjente søknadssummen.
– Avkortinga skuldast at det i år kom inn fleire søknader, og høgare søknadsbeløp enn tidlegare. Samstundes var det færre som fekk avslag enn før, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteritilsynet frivilligheit.
10 millionar ekstra
Over statsbudsjettet var det løyvt 55 millionar kroner til denne ordninga i 2014, men summen vart auka med ti millionar kroner i revidert statsbudsjett i mai. Sidan det godkjente søknadsbeløpet i år vart på 113,8 millionar kroner, måtte det gi ei avkorting på utbetalt beløp.
– Tidlegare har alle søkjarar fått utbetalt det godkjende søknadsbeløpet, med unntak av 2012 då avkortinga var på rundt ti prosent, seier Bjarne Hellem.
Status siste åra
Dei siste åra har fordelt sum til kompensasjon for moms på idrettsanlegg vore slik:
- 2010: 14,3 millionar kroner – inga avkorting
- 2011: 26,7 millionar kroner – inga avkorting
- 2012: 60,4 millionar kroner – 10 prosent avkorting
- 2013: 62,5 millionar kroner – inga avkorting
- 2014: 64,9 millionar kroner – 42,9 prosent avkorting
Sjå oversikt med andre nøkkeltall for perioden 2010 – 2014.
Av dei 324 som i år søkte momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg, var det 32 som fekk avslag. Når talet på avslag går ned, skuldast det mellom anna at kvaliteten på søknadene er blitt betre.