Andre pulje av krisepakke-utbetaling er klar
I dag kjem den andre pulje med utbetalingar frå krisepakken for korona-avlyste, stengde eller utsette arrangement
Arrangørar i frivillig-, kultur- og idrettssektoren som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med koronaviruset, kunne søke om kompensasjon.
Ramma for ordninga er på 700 millionar kroner, og ordninga gjeld arrangement i perioden 5. mars til og med 30. april.
2254 søkarar søkte om 372 millionar kroner. 1519 søkarar fekk utbetalt over 118 millionar kroner i første pulje, 8. mai.
I dag får 111 søkarar utbetalt nær 77 millionar kroner. Her kan du sjå ei oversikt over kva organisasjonar dette er.
Her kan du sjå ei oppdatert oversikt over søknader som er godkjende, avslått, trekte eller framleis under arbeid.
Les fleire nøkkeltal for krisepakken her.