Åtvaring frå Lotteritilsynet: Ikkje la deg lure av Lyoness
Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem der inntektene i hovudsak kjem frå verving av deltakarar. I løp av få år har 175 000 nordmenn og 1000 bedrifter blitt verva til å delta.
Nesten 15 000 menneske har betalt nær 500 millionar kroner til Lyoness, utan å få handfaste produkt med tilsvarande verdi i retur.
-Den ulovlege verksemda har ramma både ressurssterke grupper og sårbare grupper, som unge, uføre og eldre. Fleire har brukt sparepengane sine og tatt opp lån. På same tid ser vi at pengane har gått til Lyoness, og til sentrale deltakarar som sit på toppen av pyramideverksemda, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.
Har ikkje lov å ha aktivitet i Noreg
Lyoness- saka har pågått i fleire år:
- I 2018 fatta Lotteritilsynet vedtak om at myWorld Norway AS (tidlegare Lyoness AS) og Lyoness Europe AG umiddelbart måtte stanse all aktivitet i Noreg.
- Lyoness klaga på vedtaket, men Lotterinemnda, som er klageinstans, tok ikkje klagen til følge.
- Lyoness har også kravd å få halde fram verksemda i Noreg fram til eit eventuelt søksmål, men det har Oslo byfogdembete avvist.
- I 2019 melde Lotteritilsynet Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS, Lyconet International AG og fleire personar i denne selskapsstrukturen til politiet, fordi alvoret og omfanget i saka er så stort. Tilsynet bad om etterforsking og påtale av moglege straffbare forhold knytt til lotterilova § 16 om ulovleg pyramideverksemd, straffelova og andre lover.
- Våren 2020 la politiet vekk saka på grunn av kapasitetsomsyn.
- Lotteritilsynet klaga på at saka blei henlagt.
- Politiet endra ikkje avgjerda om å legge vekk saka på grunn av kapasitetsomsyn. Denne avgjersla er endeleg, og kan ikkje klagast på.
-At politiet har lagt vekk saka på grunn av ressursar betyr ikkje at Lyoness driv lovleg i Noreg. Vedtaket vårt om at dei må stanse all aktivitet i Noreg står fast. Lyoness har lurt mange, og vi oppmodar alle om å halde seg unna dei, seier Kjelsnes.
-Vi har klart å stanse mesteparten av den ulovlege aktiviteten i Noreg, og det er vi fornøgde med. På same tid ser vi at Lyoness sit att med stor økonomisk vinning frå ein aktivitet som inneber grove brot på lova, og at det er mange skadelidande i saka. Men vi har forståing for at det kan vere vanskeleg for politiet å prioritere ei så ressurskrevjande sak slik situasjonen er no.
Mange spør kva dei skal gjere
Lotteritilsynet har fått mange spørsmål frå personar som har tapt pengar på Lyoness.
-Vi har ikkje mynde til å pålegge selskapet å betale tilbake pengane. Dei som ønskjer det må fremje krav mot selskapet, avsluttar Kjelsnes.