Regjeringa legg neste år opp til auka rammer både for generell momskompensasjon og kompensasjon for moms på idrettsanlegg.

I framlegget til statsbudsjett er ramma på den generelle momskompensasjonen auka med 39,6 millionar kroner. Dermed skal det delast ut i alt 1, 24 milliard kroner neste år.

Ramma for kompensasjon for moms på idrettsanlegg er i framlegget auka med 16,8 millionar.  Blir dette ståande, skal det neste år delast ut 72,6 millionar kroner til dei som søkjer om kompensasjon for slike momsutgifter.

Merk søknadsfristene
Det er Lotteritilsynet frivilligheit som godkjenner søknader om begge dei to ordningane med momskompensasjon. Kompensasjon for idrettsmoms omfattar  bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Neste søknadsfrist her er 1. mai 2015.

Den generelle ordninga har søknadsfrist 1. september neste år.