Desse idrettsanlegga får 62,3 millionar
I år er 212 av 246 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg godkjent. Ramma var i år på 63,8 millionar og det vart tildelt tilsaman 62,3 millionar kroner.
Vil du vite kven som har fått? Her er liste over godkjente søknader for idrettsmoms i 2013.
Auke i tal søknader
Det er stadig fleire som søker om kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Talet på søkarar er auka frå i fjor, då det kom inn 226 søknader. 175 av desse vart godkjent. Les tal og rapportar for idrettsanlegg 2010, 2011 og 2012.
Hordaland fekk mest
Fylkesvis fordeling viser at 6,8 millionar kroner går til anlegg i Hordaland. Dei som får minst er Troms, Sogn og Fjordane og Finnmark. Bildet endrar seg om vi samanliknar med 2012.
Anlegg med spelemidlar
Denne ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Ordninga omfattar alle som oppfyller vilkåra for å få spelemidlar, bortsett frå kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak. Ein godkjend spelemiddelsøknad er eit vilkår for å søkje om kompensasjon for meirverdiavgift. Søknadsfristen var 1. mai.
Informasjon om ordninga
- informasjon frå Kulturdepartementet (25.01.2012)
- reglar for fordeling av midlar i 2012