Dispensasjon frå bingoforskrifta – forlenging
Lotteritilsynet forlenger dispensasjon frå bingoforskrifta som følgje av koronaviruset. Dispensasjonen gjeld til 24. juni 2021.
Lotteritilsynet blir kontakta av fleire bingoentreprenørar om dispensasjonar frå forskrift om bingo, i samband med utfordringar knytt til stenging av bingohallar som følge av koronaviruset.
Det blir særleg vist til regelverksutfordringar knytt til bruk av nettspel.
Lotteritilsynet har i forskrift om bingo § 34 ein heimel til å kunne «dispensere fra bestemmelsene i denne forskrift». I praksis har det blitt kravd tungtvegande grunnar for at Lotteritilsynet skal gjere dette. Lotteritilsynet har gitt dispensasjon frå kravet om at hovudspel må spelast i hall for også å kunne vere online.
Dispensasjonen gjeld førebels fram til 24. juni 2021.
Les meir om dispensasjonen og vilkåra for den.