Endringar i bingoregelverket er vedtatt
Kulturdepartementet har vedtatt endringar i bingoregerket. Endringane følgjer opp stortingsmedlinga frå 2016-17 - Alt å vinne, ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk.
Endringane opnar blant anna for at personar kan delta i hovudspel på bingo via nettet på nærare vilkår. Lotteri- og stiftelsestilsynet er i denne samanheng bedt om å evaluere ordninga med nettspel innan to år.
Andre viktige endringar er:
Databingo
- 30-sekundersregelen er endra slik at det enkelte spel skal ta minimum 30 sekunder.
- Autoplay er fortsatt tillatt for innskot i databingo, men utan at det er tillat å automatisk overføre gevinstar til spelsaldo.
- Dagens krav om at det må vere innskot i minimum to av terminalane i eit databingonettverk før ein kan starte spelet er fjerna.
Gevinstane i hovudspelet
- Maksimumsgevinsten i hovudspelet er auka frå 5 000 kroner til 10 000 kroner.
- Grensa for jackpotgevinst i hovudspelet er auka frå 70 000 til 100 000 kroner, og dagsgrensa for oppbygging av denne er fjerna.
Andre endringar
- Løyveperioden er endra frå eitt til to år.
- Det er innført krav om to millionar kroner i omsetning i hovudspelet for å kunne ha Belago i eit bingolokale.
- Fordelingsnøkkelen for Belago er endra slik at Norsk Tippings andel er redusert frå 40 % til 35 %, mens formålsandelen er auka frå 25 % til 30 %.