Endringar i lotteriregelverket
Det er gjort endringar i lotteriregelverket for store lotteri med årleg omsetnad mellom 200.000 og 100 millionar kroner. Det er nye gebyrsatsar og overskotskrav. Endringa er gjort i lotteriforskrifta og skrapeloddforskifta.
Dette er hovudendringane:
- Gebyr for store lotteri er endra frå kroner 1000 til 3000.
- Gebyr for skrapelotteri er endra frå kroner 5000 til 6000.
- Nytt gebyr for kvar trekning Lotteritilsynet gjennomfører er kroner 300.
- Minst 20 % av lotteriets omsetnad, etter frådrag for gevinstar, skal gå til formålet.
Endringane er gjeldande frå 27. februar 2015, men gjeld ikkje for lotteri som har fått løyve før den tid.