Enormt omfang av ulovleg TV-reklame
Etter norsk regelverk er det forbode for utanlandske spelselskap å marknadsføre pengespel i Norge. Fleire TV-kanalar som sender til Norge frå utlandet viser difor ulovleg pengespelreklame frå for eksempel Betsson, Unibet og Norgesautomaten til norske TV-sjåarar.
Det store omfanget av ulovleg TV-reklame for pengespel frå utanlandske TV-kanalar undergrev den norske pengespelpolitikken, særleg omsynet til å førebygge speleproblem.
Medietilsynet tek no kontakt med mediemyndigheitene i Storbritannia, Spania og Nederland i eit forsøk på å stanse den ulovlige reklamen. Lotteritilsynet samarbeider med Medietilsynet i saka.
Breva som er sendt ut finn du på Medietilsynet sine sider.
Massiv auke i ulovleg pengespelreklame
Omfanget av ulovleg pengespelreklame på TV har auka med 44 % dei siste ti månadane. Auka har vore størst frå kanalane som sender frå Storbritannia. Det kjem fram av to undersøkingar Nielsen Media Research har gjort for Medietilsynet.
TV3 er kanalen som har mottatt flest reklamekroner fra spelselskap utan løyve. Kanalen sendte pengespelreklame til ein marknadsverdi av 159 millionar kroner frå 2014 til 2015. Kun ni millionar var for spelselskap med løyve.