Få søkjarar til ny tilskotsordning
Samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som er landsdekkande, og som fyller vilkåra elles, kan no søkje om midlar frå deler av Norsk Tippings overskot. Søknadsfristen er 1. oktober.
Ny ordning
Ordninga er heimla i Forskrift nr. 640 om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping. Lotteritilsynet forvaltar ordninga som trådde i kraft 1. juni 2014.
Få søkjarar
Potten på ca. 93 millioner kroner skal fordelast til godkjente søkjarar, og så langt har Lotteritilsynet mottatt knapt 20 søknader. Landsdekkande organisasjonar som fyller vilkåra i forskrifta blir oppfordra om å søkje før fristen.
Søknadsskjema på våre nettsider
Søknadskjema og meir informasjon om ordninga fins på våre nettsider.