Samtalestatistikken for første kvartal 2014 viser at antal samtalar i snitt pr. månad gjekk ned frå 110 til 91 samanlikna med første kvartal i fjor. Hjelpelinja hadde reduksjon i talet på samtaler gjennom heile 2013, og dersom reduksjonen held fram eller talet stabiliserer seg vil eit kvartalstal tidleg i 2014 vere mindre enn tilsvarande periode i 2013. Første kvartal i år har heller ikkje færre samtaler enn siste kvartal i fjor.

No også e-post og SMS

I vinter opna Hjelpelinja for også å bli kontakta via e-post og SMS. I løpet av første kvartal er det motteke tilsaman 74 slike meldingar, dei fleste på e-post. Meir systematisert informasjon om dette vil komme seinare.

Sjå heile kvartalsstatistikken.