Nye grupper av lag og organisasjonar kan frå 2014 til og med 2017 søke om å få ein del av overskotet i Norsk Tipping. Dette går fram av ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

18 prosent av overskotet i selskapet har gått til ein del store humanitære organisasjonar og andre lag og organisasjonar som hadde inntekter frå den gamle automatmarknaden. På denne måten er årleg over 600 millionar kroner fordelt.

Frå i år og dei tre påfølgande åra kan også andre landsdekkende organisasjonar søke Lotteritilsynet om å få sin del av desse pengene.

Les også Kulturdepartementets pressemelding.