Det kom inn 1343 søknader om momskompensasjon i 2015. Dette er 154 fleire enn i 2014, ein auke på 13 %. Også søknadsbeløpet har auka med 116 millionar kroner samanlikna med i fjor.

Søknadsbeløpet er i år på 1,598 milliardar kroner. Søknadsramma er på 1,232 milliardar kroner.

– At vi har ein auke i tal søkjarar og søknadssum viser at vi når ut til målgruppene våre med informasjon om ordninga. Det er viktig, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem.

Samla godkjendt søknadsbeløp blir ikkje klart før alle søknadane er handsama. Først då vil vi vite kor mykje søkjarane får utbetalt etter avkorting. Saksbehandlinga blir avslutta i slutten av november og utbetaling skjer i midten av desember.