Fleire søkjer momskompensasjon
Det kom inn 1580 søknader i 2017. Dette er ein auke på ni prosent frå 2016. Søknadsbeløpet er i år på 1,864 milliardar kroner, og det er 143 millionar kroner meir enn i 2016, ein auke på 8,3 %. I 2017 er råma er på 1,319 milliardar kroner.
Vi når ut til målgruppene
– At vi også i år har ein auke i tal søkjarar og søknadssum viser at vi når ut til målgruppene våre med informasjon om ordninga, og det er viktig, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteritilsynet.
– Vi ser også at sentralledda stadig har fleire av underledda sine med i søknadene, seier Hellem.
Av dei 1 580 søkjarane brukte 77 % den forenkla modellen, og desse søkjarane representerer 95,4 % av søknadssummen.
Utbetaling i desember
Samla godkjent søknadsbeløp blir ikkje klart før alle søknadane er behandla. Først då vil vi vite kor mykje søkjarane får utbetalt etter avkorting. Saksbehandlinga blir ferdig i slutten av november og utbetaling skjer i midten av desember.
Sjå alfabetisk oversikt over søkjarar, eller sortert på søknadsbeløp.