Forbodet mot betalingsformidling av pengespel blir effektivisert
Regjeringa har vedteke endringar i forskrifta om forbod mot betalingsformidling av pengespel som ikkje har norsk løyve. Dei nye endringane følgjer opp Stortingsmeldinga fra 2016-2017 Alt å vinne – ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk.
– Føremålet med endringane er å effektivisere det eksisterande forbodet mot betalingsformidling av pengespel utan norsk løyve, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet, seier at tilsynet prioriterer dette arbeidet høgt.
– Vi er glade for endringane, og trur dette vil bidra til å beskytte norske spelarar på ein mer effektiv måte.
Endringane inneber:
- Ei tydeleggjering av at betalingsformidlingsforbodet gjeld generelt, og at det også omfattar føretak som gjennomfører betalingstransaksjonar på vegne av pengespelselskap.
- At Lotteritilsynet i tillegg til å fatte vedtak om å avvise betalingstransaksjonar identifisert med kontonummer kan fatte vedtak identifisert ved nanm på pengespelselskap eller andre betalingsformidlarar.
- Ei plikt for bankar og andre føretak som yter betalingstenester i Noreg til å undersøke alle betalingstransaksjonar til og frå pengespel utan norsk løyve som Lotteritilsynet har sendt vedtak om.
- Ei opplysningsplikt for bankar og andre føretak som yter betalingstenester i Noreg til Lotteritilsynet om selskap som formidlar betaling knytt til pengespel som ikkje har løyve i Noreg.