Forslag om endringar i regelverket for Poker-NM
Høyringsforslag
Forslag til endring i forskrift om lotterier m.v. (lotteriforskriften) §8 om NM i turneringspoker (Poker-NM) er sendt på høyring.
Dei viktigaste forslaga til endringar er:
- Maksimalt innskot til Poker-NM blir auka til kr 5 000 i regionale kvalifiseringsturneringar
(tidlegare kr 2 000), og til kr 20 000 i norgesmesterskapet (tidlegare kr 10 000). - Entreprenørens del av brutto omsetning til dekning av kostnader blir auka til 20% (tidlegare 10%)
- Det blir opna opp for gevinstar i kvalifiseringsturneringane (gevinstar som dekker kostnader i samband med deltaking i norgesmesterskapet, for eksempel flybillett/hotellovernatting)
Frist for uttale
Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og eventuelle høyringsuttalar skal sendast Lotteritilsynet innan 7. august 2017.
Les heile høyringsbrevet med oversikt over høyringsinstansane.