Søknadsfristen for krisepakke 2 er ute. Frivillige lag og organisasjonar har søkt om nær 1,6 milliardar i støtte, og kan få tildelt inntil 70 prosent av søknadsbeløpet.

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement eller anna aktivitet, som følge av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med covid- 19. Denne krisepakken gjaldt frå 12. mars til 31. august 2020.

Nøkkeltal

  • Det er kome inn 6803 søknadar. Det er i snitt søkt om støtte til fire arrangement eller aktivitetar i kvar søknad.
  • Det er søkt om støtte for 25 849 arrangement og anna aktivitet.
  • 6130 ulike organisasjonar har søkt.
  • Det samla søknadsbeløpet er på 1 578 977 713 kroner. Søkarane kan få tildelt inntil 70% av godkjent søknadsbeløp.

Last ned søkarlista her.

Treff sektoren godt

– Inntrykket vårt er at denne ordninga treff sektoren godt. Mange har søkt, og vi har også betalt ut undervegs, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

I krisepakke 2 er det til no betalt ut til saman 422 millionar kroner i tre puljar.

– Resten kjem vi til å betale ut i fleire puljar framover, seier Hamar.

Regjeringa har foreslått ei løyving på ein milliard kroner til ei tredje krisepakke som skal gjelde frå 1.september til og med 31. desember 2020. Vilkåra for denne ordninga er ikkje klare.

Fordeling søknadsbeløp

 Tal organisasjonarSøknadsbeløp
Over 10 MNOK8146 535 494
Mellom 5 MNOK og 10 MNOK17123 995 184
Mellom 1 MNOK og 5 MNOK233433 727 207
Mellom 100 000 og 1 MNOK2406695 881 835
Under 100 0003466178 837 993
Totalt61301 578 977 713

Fylkesoversikt