Full kompensasjon for idrettsanlegg
Lotteri- og stiftelsestilsynet sender i veke 51/2015 ut brev med melding om tildeling av ekstraløyvinga for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Ekstra løyvinga er på 48,1 millionar kroner.
Det betyr at søkjarane ikkje får avkorting på det godkjende søknadsbeløpet. Godkjent søknadsbeløp var på totalt 171,9 millionar kroner.
Utbetaling av tilleggsbeløpet vil skje dei næraste dagane.
Sjå oversikt over samla tildelt beløp per søkar i 2015.
Les meir om meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg på våre nettsider.