Full momskompensasjon for idrettsanlegg i 2018
Ekstraløyving
I samband med saldering av statsbudsjettet for 2018 har Stortinget vedteke ei tilleggsløyving på 19 millionar kroner som kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Det betyr at søkjarane får utbetalt heile det godkjende søknadsbeløpet. Godkjent søknadsbeløp i 2018 var på totalt 304 millionar kroner.
Utbetaling før jul
Alle søkjarane har fått melding frå Lotteri- og stiftelsestilsynet om tildeling av tilleggsbeløpet, som blir utbetalt i veke 51/2018.
Sjå oversikt over ekstraløyving og samla tildelt beløp per søkjar i 2018.
Les meir om meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.