I år gjekk totalt 636 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.

Overskotet som skulle fordelast etter tippenøkkelen frå Norsk Tipping i 2014 var på vel 3, 56 milliardar kroner. Av dette skal idretten gjennom den såkalla tippenøkkelen ha 64 prosent, medan 18 prosent går til kulturføremål og like mykje til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

I 2015 fordelte tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar seg slik:

  • 559,7 millionar er kompensasjon for bortfall av inntekter frå automatmarknaden – basert på inntekter fra gevinstautomatane i 2001.
  • 76,8 millionar går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.

Lotteritilsynet har no fordelt tilskotet på 76,8 millionar til organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter. Pengane blir utbetalt 16. desember.

Her finn du oversikt over søkjarar og tildelt beløp i 2015.

Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet.