Leiinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet har tilsett Henrik Nordal (39) som ny avdelingsdirektør i Lotteritilsynet. 

Henrik Nordal er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet

– I konkurranse med sterke kandidatar er det gledeleg at det er ein av våre tilsette som utmerka seg som best kvalifisert for stillinga, seier fungerande direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Bjørn Øen.

Viktig samfunnsoppdrag

Henrik Nordal skal leie Lotteritilsynet, som er eitt av to fagtilsyn i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for arbeidet med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Lotteritilsynet fører også tilsyn og kontroll med den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping. Samfunnsoppdraget er å sikre ein mest mogleg trygg og ansvarleg pengespelmarknad for å forebygge negative sosiale konsekvensar. Samtidig skal Lotteritilsynet legge til rette for at dette kan vere inntektskjelde for lotterigodkjend frivillig verksemd.

– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva som ny avdelingsdirektør for Lotteritilsynet og er svært motivert for å utvikle tilsynet vidare i lag med dyktige og kompetente tilsette. Lotteritilsynet har ei viktig rolle og eit viktig samfunnsoppdrag. Vi skal sikre ein ansvarleg lotteri- og pengespelmarknad i Norge i ei tid med store utfordringar knytt til digitalisering og globalisering, seier Nordal.

Brei erfaring

Henrik Nordal har mastergrad i freds- og konfliktstudie og har brei arbeidserfaring, frå mellom anna Utanriksdepartementet, Etterretningstenesta og den nasjonale kampfiksingseininga i Lotteritilsynet. Han har vore tilsett i Lotteritilsynet sidan 2015. Henrik Nordal er frå Molde, men er no busett i Førde. Han er gift og har to barn, og tek til i stillinga 1. mai.

For fleire kommentarar, kontakt Henrik Nordal på tlf.nr. 992 84 309 eller på e-post hno@lotteritilsynet.no