Inviterer til konferanse om speleansvar
Lotteritilsynet inviterer til dagskonferanse om speleansvar i Oslo den 23. september i år.
Den politiske leiinga i Kulturdepartementet blir representert på konferansen, og på programmet elles står ei rekkje sentrale aktørar på speleansvarsområdet. Dette gjeld for eksempel den anerkjende forskaren Ricard Woods fra Canada, generalsekretær i Actis Mina Gerhardsen, leiar i Spilleavhengighet Norge Lill Tove Bergmo, og generalsekretær Inge Andersen i Idrettsforbundet.
Programmet snart klart
Speleansvarskonferansen 2014 blir arrangert på Thon Hotel Vika Atrium i Oslo. Detaljert program og påmeldingsinformasjon vil vere klart om kort tid, og blir mellom anna offentliggjort på våre nettsider.
Del av Handlingsplanen
Konferansen blir gjennomført som del av Handlingsplan mot spilleproblemer. Eit viktig delmål i Handlingsplanen er at kunnskap skal formidlast og delast mellom ulike aktørar på penge- og dataspelfeltet. Eitt av tiltaka gjeld difor etablering av eit speleansvarsforum for heile spelebransjen, og det skal også regelmessig gjennomførast konferansar om ein ansvarleg spelemarknad.